NORGESGUIDENES TURBLOGG

...

torsdag 18. desember 2008

Ein heilt vanleg dag på kontoret

Som alle andre viktige stader rundt om i verda er kontoret ein av dei viktigaste plassane også her i Jostedalen. Ikkje ulikt børsmeklarane på Wall Street, er Jostedølene på kontoret nesten heile tida. I Jostedalen har dei det ein kallar ope kontorlandskap, som dei deler med fleire i dalen. Det er som eit kontorfellesskap. Og det er som med alle andre kontorjobbar; det blir mykje rutinearbeid.



Innimellom gjeng det oppover, mens somme tider går det nedover. Nett som på Wall Street. Kvitt pudder misbrukast over ein lav sko for å halde humøret oppe. Nett som på Wall Street.


Nokre er av kontormedarbeidarane er tøffe og investerer mykje hardare og friskare enn andre. Ikkje reint sjeldan haustar dei av det dei sår, og kan innkassere mykje heder og ære. Andre gonger ikkje.




Når himmelkvelvinga legg seg over dalen, og alle har kome seg trygt heim med alle beinbrota inntakte, er det godt å kvile. For neste dag er det ingen bøn; kontoret ventar.

Ingen kommentarer: