lørdag 27. desember 2008
Romjulskitur
Det er som vanleg flotte snøforhold i fjella rundt Jostedal. Snøen har fått ein del vindpåverknad på dei mest utsatte stadane, men viss ein leitar litt finn ein fin og mjuk snø heile vegen frå toppen. Desemberlyset set sjølvsagt ein spiss på det heile
torsdag 18. desember 2008
Ein heilt vanleg dag på kontoret
Som alle andre viktige stader rundt om i verda er kontoret ein av dei viktigaste plassane også her i Jostedalen. Ikkje ulikt børsmeklarane på Wall Street, er Jostedølene på kontoret nesten heile tida. I Jostedalen har dei det ein kallar ope kontorlandskap, som dei deler med fleire i dalen. Det er som eit kontorfellesskap. Og det er som med alle andre kontorjobbar; det blir mykje rutinearbeid.
Innimellom gjeng det oppover, mens somme tider går det nedover. Nett som på Wall Street. Kvitt pudder misbrukast over ein lav sko for å halde humøret oppe. Nett som på Wall Street.
Nokre er av kontormedarbeidarane er tøffe og investerer mykje hardare og friskare enn andre. Ikkje reint sjeldan haustar dei av det dei sår, og kan innkassere mykje heder og ære. Andre gonger ikkje.
Når himmelkvelvinga legg seg over dalen, og alle har kome seg trygt heim med alle beinbrota inntakte, er det godt å kvile. For neste dag er det ingen bøn; kontoret ventar.

lørdag 6. desember 2008
Ski i Solen
Mye skikjøring i skyggefulle pudderflanker gir appetitt på Solen og vi besluttet derfor i dag å velge sol fremfor alt. Det kom likevel ikke som noen overraskelse at føret var kanon, selv om det har ikke har snødd på nærmere en uke er det fremdeles nyyydelige forhold. Her fra en hemmelig plass i Jostedalen...
fredag 5. desember 2008
Korttur i slakt terreng
Abonner på:
Innlegg (Atom)